No for tida går eg absolutt ikkje rundt og pønsker ut noko lurt som eg skal skriva på bloggen min. Eg trur kanskje at før i tida berre bekymra eg meg øve kor den neste haike-bilen kom frå og kor eg kunne selga min neste hekle-hua. No til dags er det 1000 dumme ting som eg grublar på.
Hm, men det er dumt å grubla og lura på desse 1000 kompliserte tingene. Alt ein treng er jo ei fin grøn eng, eit par trer, eit par fjell, godt ver og eit telt. Og det hadde vore supert med nok mat til å laga til ein saftig piknik.
jadda jadda. trur eg bør byrja på å hekla ei hua. har ikkje gjort det på kjempelenge. Ei rau ei med øyre. det vert bra. viss eg legg garn og heklenål på bordet i kveld so byrjer eg kanskje i morgon tidleg viss eg e heldig. Jippi!!
Lurer på om eg skal kasta TV'et på dynga. Men diverre er det ikkje mitt so eg har ikkje lov.
helsing Ragnhild
Biletet er frå Island i fjæra der det er ein varm kilde som eg dypper beina i romjul 2007. Frost -5°C

2 comments:
1 av 3:
- du VAR virkelig morsommere før
- du gjorde flere originale (og morsomme) ting før og ikke så mye mamma- og studieting
- du hadde mere tid til å late som du var morsom
Velg det du vil tro på :)
Hilsen Matja (som fortsatt synes du er morsom)
Viss du lurer, er det det du trur som er rett. Så. hekla, hekla, kosa, kosa, ymir, ceilidh, morr
For å ha da kjekt må ein trivast.
og da e so mykje, seie mor di
Sendu inn athugasemd