laugardagur, nóvember 17, 2007

Hei og Hopp!

Jau kanskje skal eg berre byrja å skriva litt her inne, har jo liksom aldri tid lenger... Hm men det er no berre tull, mykje lettare å¨skriva her viss eg skriva på norsk. då kan eg vasa i veg om berre dill.

Jadda, bur no fortsatt på Island og no driv eg faktisk på å studere. Tenk på det, merkeleg at eg har/skal ofra 3 år av livet mitt på lesing og lesesaler. hm, men får sikkert ein superjobb etter dei 3 årene viss Island er det samme landet 3 år fram i tida.

Eg studerer nemleg Business Administrasjon som er ettertrakta her på denne is øya. Hihi, og so kan eg berre loffa litt om sommaren, eller kanskje jobba i 6 mnd med DRITBRA lønn og so loffa resten av året.

Men, loffinga mi vert litt annleis no som eg har ein liten plugg som heng på meg. Sonen min er eitt år no og går og greier. stilig, eg trur faktisk det er heilt ok å loffa med han, men det einaste er at viss eg skal opp eit fjell, so må eg bera han (12kg) og ryggsekken min i tillegg. trur det vert for heftig.. Må kanskje venta til han er som ein fjellgeit. det vert kanskje ei stund til, her på Island er folk ikkje so veldig glade i å gå tur..

Jau, so er det heile pakken her i gården med bleieskift, dagmamma, bil, studielån, forsikring, husleiga, og 1000 andre rekningar. Hm, hugser ein gong for nokon år sida då eg hadde berre ei rekning og det var heller ikkje noko ordentleg rekning. Det var kontant kortet på mobilen. hehe. tenk på det.

jau, elles so har graviditeten tukla med hormonane mine på ein eller annan måte. Iallefall er matlysten min heilt forandra slik at eg er ikkje lenger ei fyldig dame, eg er heilt ordinær no. merkelege greier. har ikkje lyst på snop og kaker heile tida slik som det var før i tida. kanskje det er ein medisinsk grunn ein eller annan plass.

Eg lengter mykje til ein plass å setta føttene mine i varm god sand og vera ute uten at det er kaldt. mmmmmmmmmmmm. eg trur eg liker varme land best... og so skikkeleg vinter i 1 mnd. det hadde vore topp. lurer på korleis eg skal få det til.

Eg skal lova at eg skal verta flinkare å skriva. klem frå StudentMamma Ragnhild

2 comments:

Nafnlaus sagði...

Fint at du ha byrja å vere ragnhild på bloggen sin og, det må du ta deg tid te. men det e møje arbeid, unge, studia, mann, hus. stå på, og hugs at du ha sett da meste av verda før. ikkje alle ha det.
morrr

kysten sagði...

Det er en spennende kontrast du her beskriver. Jeg synes ikke det er så lenge siden finnmarkstida og du kom loffende forbi i ny og ne for å være sosial, spille fløytte og kanskje selge moen luer på et marked:) Man skal jo leve et langt liv og det er viktig at man fyller på sånn at man har mye å se tilbake på en dag når man blir gammel. Og du er jo godt igang med å samle opplevelser:) Har veldig lyst til å dra over en tur til Island. Kanskje en gang neste sommerhalvår.